www.kvinnheringen.no: Nærare 70 bilar hadde rulla inn på parkeringsplassen ved gamle senteret på Husnes vel ein time etter amcar-treffet starta.
Det var ikkje berre amerikanske bilar (amcar) publikum fekk kikka på, men òg gatebilar og veteranbil.
– Ein veteranbil er ein bil som er eldre enn 30 år. Ein gatebil er meir ein rånebil og det er tøft på dette treffet, fortel Kjetil Jekteberg som er med i arrangørkomiteen.
Det var ikkje berre dei som hadde bilar å visa fram som stilte opp søndag føremiddag. Parkeringsplassen var full i bilinteresserte.
– Me har ikkje bil med oss i dag, men bestefar har. Eg er med pappa og ser på bilar og eg tykkjer bilar er kjempefine, fortel Thomas Røysland Guddal (11).
Amcar-treffet på Husnes går tradisjonelt av stabelen 1. mai, men vart i år utsett til 3. mai.
– Amcar-treffet på Husnes har blitt ein tradisjon. Eg trur dette er det 16 året me har arrangert og i år sette me ny rekord med antall ibilar som var med, fortel ein godt nøgd arrangøransvarleg, Stein Bjarte Kaldestad.