www.kvinnheringen.no: Det var enormt med folk i Uskedalen laurdag på aktivtetsdagen til aktivitetshusets damevenner.
Nok ein gong klarte damevennene i Uskedalen å stella i stand ein triveleg og festleg folkefest. Det var aktivitetar frå tidleg føremiddag til godt ut på ettermiddagen. Borna kosa seg mellom anna med leiting etter sjørøvarskatt, før det var andeløp med flotte vinstar.
Veret var glitrande med enkelte solstreif, så folk kunne hyggja seg heile dagen både med gfrillmat, lappar og lefser. Aktivtetsdagen vart avslutta med "Hopp i havet", der elleve farkostar deltok. Godt over 500 menneske fekk med seg ein morosam avlsutning på dagen. YX, bensinstasjonen i bygda vann med raskaste båt, som var ei madrass. Ein jury med Torfinn Myklebust, Elin Legland og Kjell Yri kåra Oddmund Soldal til største optimist. Han stilte med eigenkontstruert sykkel og hamna særs raskt i sjøen. Kvinnheringen fekk av juryen prisen som dei mest kreative, med avisand-stuparen.
Sjå bildeserie på www.kvinnheringen.no i morgon og les meir i papiravisa måndag.