www.kvinnheringen.no: – Det er like varmt på Opsanger som Kreta, forsikrar søstrene Marie og Sofie Sjo, som nett er komne heim frå ferie på Kreta.
Dei to plaskar på bademadrass utanfor naustet til bestefar Lars Einar Solheim. Han sjekkar badetermometeret og kan melda om 20 grader i sjøen i Opsangervågen, målt kanskje ikkje så langt under overflata.
Dei vaksne solar seg på brygga og prisar sommarvarmen.
– Eg har målt 29 grader i skuggen heime hos meg, opplyser Lars Einar.
Familien Solheim/Sjo er ikkje dei einaste som har kost seg i sommarvarmen i helga. Sydenvarmen lokka folk ut til badeplassar langs sjøen og ved vatn.
Lunka vatn
Ein ungegjeng lagar liv og lyd på Kvalen i Opsangervatnet. Vatnet er «heilt lunka», og det er kjekkare å bada i ferskvatn enn i sjøen.
I Husnes båthamn var det laurdag over 50 gjestebåtar og mange badegjester, både tilreisande og fastbuande.
Familien Tunes Huse slappar av i Borvik og et ostehorn til lunsj. Dei bur på Sunde, men tar ofte turen opp til den fine badestranda på Røssland. Slik badestrand har ein ikkje på Sunde.
I Herøysund, som kan skilta med ei av dei finaste badestrandene i kommunen, møter me Celina og Alexandra Eikenes Andersen. Dei må ut i sjøen for å kjøla seg ned i sommarvarmen, og forsikrar at vatnet er ganske varmt.
Varmt
Litt kaldare er det nok i Sandvikjo på Halsnøy. Ein veninnegjeng opplyser at dei har målt temperaturen i sjøen til 15 grader. Det forhindrar likevel ikkje jentene å hoppa i sjøen. For på land er det nesten for varmt. Nett som i syden.