www.kvinnheringen.no: Både turistar og hamnevertar på Husnes var hoppande glade i går. Husnes Båthamn er nok ein gong kåra til finaste gjestehamna i landet.
Det er ei fjør i hatten som heng høgt, sidan 100 andre hamner landet rundt var med i konkurransen.
Bak kåringa står bladet Båtmagasinet, og det er lesarane som har peika ut dei beste. Kvinnherad kan òg etter dette skryta over å vera beste gjestehamnkommunen i landet, sidan tre av dei sju beste høyrer til her. Uskedal båthamn kom på 3. plass og den nye Rosendal Hamn vart nr. sju.
– Dette er stort for oss, seier hamnesjef Einar Oppedal. Han deler æra med mange andre; hamnevertar, storsenteret, Søral, golfklubben, Skyss som syter for busstransport til sentrum, og mange andre som er med på å gjera det triveleg i hamna.
Einar Oppedal gler seg over at Kvinnherad er komen så høgt opp blant dei beste hamnene.
Uskedalen kom på tredjeplass og Rosendal på sjuande i den same kåringa.
Les meir i papiravisa i morgon