...
Berre bilistar med høg bakkeklaring tok sjansen på å forsera flaumen. Foto: Ingrunn Uglehus

«Og vannet steg...»

www.kvinnheringen.no: Det har vore rikeleg med regn i det siste, og tysdag kveld fløymde det over på Tveitane mellom Hatlestrand og Ølve.

Jonn Karl Sætre E-post
Publisert 02.09.2009 kl 09:53 Oppdatert 02.09.2009 kl 10:05

Tips ein venn på e-post:

Flaum på Tveitane

...

Ingunn Uglehus var ein av fleire vegfarande som skulle forbi ein liten innsjø av vatn.

– Det skapte kø i begge retningar. Bilar med høg bakkeklaring kom seg over, så sant dei heldt seg på oppsida av vegen, skriv Uglehus i ein epost til Kvinnheringen.

Ho venta i ein halv time før ho våga seg over, og tida nytta ho til å ta bilde og studera store og små sine ulike taktikkar for å forsera flaumen.

– Strand-Ulv sine smågutspelarar på Hatlestrand- og Varaldsøy-sida vassa over for å bli frakta vidare til fotballkamp i Ølve, fortel Uglehus.

Også han som hadde baka kake til kampen, Nils Arne Våge, tok av seg på beina og fekk frakta kaka trygt over.

Mest lese no

...

Kjendisfest i Baroniet

Kultur www.kvinnheringen.no: Kjendisparet Gunnar Greve Pettersen og Helene Ree vart smidde i hymens lenker i baroniet på laurdag. Les meir

...

Forfalska førarkort

Nyhende www.kvinnheringen.no: Under ein kontroll natt til søndag stoppa politiet ein førar som hadde forfalska førarkort. Les meir

...

Båtulukke

Nyhende www.kvinnheringen.no: Fleire personar hamna i sjøen i Uskedalen fredag kveld. Les meir

...

Frustrasjon blant bygdefolket

Nyhende www.kvinnheringen.no: Ein frustrasjon, bygd opp over tid, resulterte i eit godt besøkt folkemøte i Mauranger. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.