...
? I dette området ovanfor riksvegen i Neslia vonar vi at tilretteleggingsarbeidet for nytt bustadfelt kan koma i gang i løpet av første halvår neste år, seier Asbjørn Soltveit.

Avtale om byggjeareal i Neslia

Rosendal Utvikling AS har inngått intensjonsavtale med to grunneigarar om kjøp av eit areal på kring 25 mål i Øvre Neslia i Rosendal.

Publisert 02.09.2009 kl 12:40 Oppdatert 02.09.2009 kl 12:40

Tips ein venn på e-post:

I arealplanen er området avsett til byggjefelt, og dagleg leiar i utviklingsselskapet, Asbjørn Soltveit, fortel at tanken er at det i dette området skal byggjast einebustader.

– Det er svært lenge sidan det vart tilrettelagt tomter for einebustader i Rosendal, og vi veit at det er ein del unge folk i distriktet som ynskjer å byggja seg einebustad, men som til no har stått utan tomtealternativ. Difor har vi fått på plass denne intensjonsavtalen med to grunneigarar i området. Feltet ligg på oppsida av riksvegen, og omfattar eit areal litt innanfor avkøyrsla til skogsvegen og sørover mot Rosendal, til saman kring 25 mål. Eg vil tru at dette vil verta eit attraktivt bustadfelt, relativt kort veg til sentrum, og med framifrå utsyn mot fjorden, seier Soltveit.

Arealet oppover lia er temmeleg avgrensa grunna skredgrensa som er sett i arealplanen.

– Men vi ynskjer å få ein geolog til å sjå på området, og eg har då god von om at skredgrensa kan trekkjast litt oppover, slik at byggjearealet kan utvidast noko.

– Kva vert det neste steget i prosessen for å få området tilrettelagt og byggjeklart?

– Vi vil nokså kjapt lysa etter interesserte utbyggjarar, og i aller beste fall vil eg tru at tilretteleggingsarbeidet kan ta til i løpet av første halvår neste år, seier Asbjørn Soltveit, som legg til at Rosendal Utvikling også ser etter sentrumsnære tomter for omsorgsbustader.



På forsiden nå


...

Auka mest

Nyhende Mekk har fått ny pris. Les meir

...

Kyrkjesøndag og konsert

Kultur Pinsedag inviterer Åkra bygdelag til si årvisse samling i Åkra. Gjennom denne dagen vil me innby folk til bygda vår, knyta saman den gamle kyrkjesokna og gje menneske ein møteplass rundt eit godt måltid mat. Les meir

...

Mange blinkskot

Nyhende Vi har fått tilsendt mange flotte bilde frå 17. mai-feiringa til lesarane våre! Les meir

...

Steinar i vegbana

Nyhende Det er gått eit ras ved Furebergfossen. Les meir

Til Grasrotandelen

Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.