...
Over 400 møtte opp til fest for postvegen ved Hellandsbrua. Foto: Arne Lindeflaten

400 på postvegfest

www.kvinnheringen.no: – Dette er det flottaste eg har sett av dugnadsarbeid. Det må vera eit spesielt to i kvinnheringane.

Publisert 20.09.2009 kl 15:29 Oppdatert 20.09.2009 kl 16:56

Tips ein venn på e-post:

...
Distriktsvegsjef Arnfinn Ansok var imponert over dugnadsinnsatsen for postvegen. Foto: Arne :indeflaten

Postvegfest

...

Det sa distriktsvegsjef i Statens Vegvesen, Arnfinn Ansok, til Kvinnheringen under markeringa av Kulturminnedagen for postvegen. Over 400 hundre var møtt fram til den høgtidlege markeringa ved den gamle Hellandsbrua i ettermiddag.

Dette er det femte og siste kulturminnet i Hordaland som er peika ut av Statens Vegvesen.

– Dette er eit verdig kulturminne. Eg er svært imponert over arbeidet som så langt er lagt ned i den tre mil lange postvegen frå Utåker til Herøysund, seier distriktsvegsjefen som stod for den offisielle opninga av Kulturminnedagen.

140 personar har delteke i det omfattande dugnadsarbeidet. Statens Vegvesen har bidrege med rundt 500.000 kroner. I tillegg har næringslivet spytta inn 200.000.

Ove Tvedt, Otto Vikane, Nils Nonås og Kristian Bringedal som alle har hatt sentrale roller i prosjektet med fullføring av Postvegen, vart tildelt blomar av distrikstvegsjefen for arbeidet som var nedlagt.

– Det er nok mange fleire som hadde fortent blomar, meinte Ansok.

Utåker musikklag stod for det musikalske innslaget under feiringa, medan dei lokale revyartistane Ørjan Bakke og Nils Trygve Markhus sytte for at postvegvandrarane også fekk trimma lattermusklane.

Mest lese no

...

Kjendisfest i Baroniet

Kultur www.kvinnheringen.no: Kjendisparet Gunnar Greve Pettersen og Helene Ree vart smidde i hymens lenker i baroniet på laurdag. Les meir

...

Forfalska førarkort

Nyhende www.kvinnheringen.no: Under ein kontroll natt til søndag stoppa politiet ein førar som hadde forfalska førarkort. Les meir

...

Båtulukke

Nyhende www.kvinnheringen.no: Fleire personar hamna i sjøen i Uskedalen fredag kveld. Les meir

...

Frustrasjon blant bygdefolket

Nyhende www.kvinnheringen.no: Ein frustrasjon, bygd opp over tid, resulterte i eit godt besøkt folkemøte i Mauranger. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.