www.kvinnheringen.no: Komande laurdag opnar årets juleutstilling i Galleri G Guddal i Rosendal, med mellom anna grafikk av Oddvar Torsheim.
Forutan Torsheim vil og Ingri Egeberg, Kristian Finborud og Gro Fraas vera representerte med grafikk, medan Randi Nygård stiller ut teikningar.
Oddvar Torsheim er ny i galleriet. Kunstnaren frå Førde har ein heilt spesiell plass i norsk kunstliv. Vi kjenner dei særprega bileta hans når vi ser dei. Ein humoristisk vri på klare bodskap – både politisk og mellommenneskeleg.
Ingri Egeberg bur i Bergen, og ho var festivalutstillar i galleriet under Rosendal Musikkfestival 2006. Den enkle streken kombinert med sterke, flotte fargar, kjenner vi frå både bilete på veggen og frå dei prisløna bøkene hennar.
Randi Nygård frå Seimsfoss har kunstutdanning frå Kunstakademiet i Trondheim, og jobbar no som kunstnar i Berlin. Ho deltar med foto, installasjon og teikning på utstillingar i mellom anna Tyskland, Spania og Belgia, og på juleutstillinga i Rosendal viser ho teikningar.
Kristian Finborud frå Voss gjorde stor suksess i galleriet i fjor med bileta sine bilete frå «Det norske skieventyret». No viser han nye motiv i same stil.
Gro Fraas frå Oslo deltok på ei utstilling i Galleri G Guddal i 1997. Sidan har ho vore fast kunstnar i kommisjonsavdelinga med nye motiv kvart år. Ho er ein av dei få som har klart å vidareføra akvarellteknikken si uttrykksform til litografiet. Ofte fargesterke landskap med dyr eller fuglar.