...

– Ta til vit!

www.kvinnheringen.no: Det var oppmodinga frå Gaute Lund og dei 500 aksjonistane som gjekk i fakkeltog i Rosendal i kveld.

Thea Cecilie Engelsen E-post
Publisert 17.11.2009 kl 19:16 Oppdatert 18.11.2009 kl 13:57

Tips ein venn på e-post:

Fakkeltog for skular

...

Oppmodinga var sjølvsagt retta mot politikarane ettersom aksjonen var skipa for å visa motstanden mot skulenedlegging i Kvinnherad kommune, samt behovet for ei opprusting av Rosendal ungdomsskule. Aksjonistar frå heile kommunen stilte i Rosendal i kveld, og dei tala alle imot nedlegging av Ølve, Omvikdalen, Bringedalsbyga, Sunde og Skarveland skule.

Fakkeltoget gjekk frå Skålafjøro, forbi rådhuset og ned til Rosendal ungdomsskule. Det var ikkje alle faklane som framleis brann etter at toget kjempa seg fram gjennom det sure vêret, men motet var godt blant aksjonistane.

– Me er svært nøgde med oppmøtet, men me skulle hatt betre vêr, sa Gaute Lund som no håpar politikarane tek beskjeden frå folket innover seg.

– Me oppmodar politikarane å forkasta forslaget frå rådmannen. Det er ingenting som har vist at ein kjem til å spara pengar på å leggja ned skular. Det er heller ingenting som beviser at ein storskule er betre enn små og mellomstore skular, sa Gaute Lund som påpeika at heldigvis verka det som det var nok politikarar som hadde teke til vet med omsyn til skulestrukturen.

Byggjestart 2010

– Det er borna våre og lokalsamfunnet dette handlar om, sa Gaute Lund.

Andre som heldt appell var FAU-leiar ved Rosendal ungdomsskule, Eirik Skåla. Han trekte fram eit døme frå toalettaksjonen som aksjonsgruppa for Rosendal ungdomsskule arrangerte tidlegare på dagen.

– Ein elev spurte meg etter han hadde måtta nytta toalettet på rådhuset i dag, «Kvifor skal dei ha det så mykje betre enn oss?», og det er akkurat kva dette handlar om, sa han til stor applaus frå dei frammøtte.

No ønskjer aksjonsgruppa at politikarane gjer grep snarast, slik at ei full utbygging av Rosendal ungdomsskule kan starta allereie på jonsokaftan 2010.

Mest lese no

...

Kjendisfest i Baroniet

Kultur www.kvinnheringen.no: Kjendisparet Gunnar Greve Pettersen og Helene Ree vart smidde i hymens lenker i baroniet på laurdag. Les meir

...

Forfalska førarkort

Nyhende www.kvinnheringen.no: Under ein kontroll natt til søndag stoppa politiet ein førar som hadde forfalska førarkort. Les meir

...

Båtulukke

Nyhende www.kvinnheringen.no: Fleire personar hamna i sjøen i Uskedalen fredag kveld. Les meir

...

Frustrasjon blant bygdefolket

Nyhende www.kvinnheringen.no: Ein frustrasjon, bygd opp over tid, resulterte i eit godt besøkt folkemøte i Mauranger. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.