www.kvinnheringen.no: «Jul i Rosendal» vart ein knallsuksess med mange nøgde besøkjande.
– Det har vore utruleg kjekt og slitsamt, seier presseansvarleg for «Jul i Rosendal», Linda Øen.
– Alt har eigentleg klaffa. Det har vore mykje folk og ikkje minst ser det ut til at alle har hyggja seg. Folk smiler og skryt – det er vi veldig glade for, seier Øen.
At det blir Jul i Rosendal også neste år, kan ho nesten lova.
– Målet vårt er at vi kjem tilbake med same arrangement då, seier Øen.
Les meir i papiravisa måndag.