...
Marknadskoordinator Arne Torget (t.v) og dagleg leiar i Kvinnherad breiband Svein Nipen (t.h) kunne tysdag gratulera kunda nummer 2500. Den heldige kunden var Margit Isaksen.

Fiberkunde nr 2500

www.kvinnheringen.no: Fem år etter at den første kunden til Kvinnherad breiband fekk installert fiber har selskapet no 2500 kundar.

Thea Cecilie Engelsen E-post
Publisert 15.12.2009 kl 18:06 Oppdatert 15.12.2009 kl 21:29

Tips ein venn på e-post:


Kunde nummer 2500 blei Margit Isaksen frå Husnes, og ho vart tysdag heidra som jubileumskunde hos Kvinnherad Breiband.

Det var svigersonen til den spreke 71 åringen som overbeviste ho om at det ville løna seg å betre både tv- og nettilgangen med innlagt fiber, og i byrjinga av desember bestemte Margit seg endeleg om å bestilla abonnement hos Kvinnherad breiband. Ikkje visste ho då at nett ho blei kunde nummer 2500. No håpar Margit å læra betre korleis ein bruka internett, slik at ho etter kvart kan selja ting som ho produserer via nettauksjonar.

– Symaskinen var lenge min datamaskin. Eg må jo gjera av med alt det eg lagar. Familie og venner blir jo leie av å ta imot, seier handarbeidsentusiasten med glimt i augo.

Eit fullsett pressekorps blei servert kake og kaffi saman med Margit, dagleg leiar i Kvinnherad breiband, Svein Nipen og marknadskoordinator, Arne Torget, heime hos den heldige jubileumskunden. Nokre overraskingar vart det for òg for Margit i høve pakkeløysinga ho har bestilt hos Kvinnherad breiband med store avslag i pris, samt ein eigen PVR opptakar.

– Det er litt av ein presang, ytrar Margit svært så takksam.

Kvinnherad Breiband leverer i dag breiband til om lag 60 prosent av kundemarknaden i Kvinnherad. I tillegg til dei 2500-breibandkundane har selskapet òg 1258 TV-kundar.

– Fleire og fleire eldre vert i dag kundar hos Kvinnherad breiband, og kanskje særskilt for å få fiber-TV, fortel Svein Nipen.

Mest lese no

Gratis nettavis

...

Nyhende www.kvinnheringen.no: Grunna tekniske vanskar med nettavisa vår vil det vera gratis å lesa avisa på nett i helga.

Les meir

...

Samband i det blå

Nyhende www.kvinnheringen.no: Eit Fjelbergsamband ser framleis ut til å liggja langt fram i tid. Les meir

...

60 nye plassar

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kommunestyret vedtok i går samrøystes å gå vidare med planane om å byggja 60 nye institusjonsplassar i Rosendal. Les meir

...

Ikkje hardt skadd

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kvinna som køyrde av vegen ved Eidsvik skipsbyggjeri torsdag ettermiddag fekk ingen alvorlege skader. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.