...
Helge Furdal, Rolf Christian Mehl, Tommy Joa, Yngve Myhre, Christian Sundsteigen, Lars Johan Myklebust, Jonny Furdal, Odd Steinar Arnesen og Anders Næs vann romjulstunreringa. Foto: Tomas Bruvik

Favorittsiger i romjulscupen

www.kvinnheringen.no: «Bocca Under» gjekk som venta til topps i Trio sin romjulsturnering.

Tomas Bruvik E-post
Publisert 27.12.2009 kl 18:51 Oppdatert 27.12.2009 kl 19:24

Tips ein venn på e-post:

Romjulscup

...

Med Anders Næs og Jonny Furdal i spissen gjekk laget med spelarar frå Uskedalen, Omvikdalen og Rosendal sigrande ut av turneringa. Men det var berre på nippet.

I finalen møtte dei laget «Underdogs», stort sett med juniorar frå Trio, i tillegg var Mats Paulsen og Erling Hansen med på laget.

Finalen var svært jamn, men «Underdogs» tok føringa med eit lekkert hælspark frå Mats Pauslen. Dei unge spelarane på «Underdogs» dominerte til tider stort i den temperamentsfulle finalen, men «Bocca Under» var rutinerte og stod av stormløpet. Reduseringa til 1–1 ordna Jonny Furdal, direkte på frispark.

«Underdogs» var nok nærast sigeren, men dei vart litt for forsiktige framfor mål.

Straffar

Kampen enda 1–1 etter fulltid, og ekstraomgangar måtte til. Begge laga var noko forsiktige i ekstraomgangane og det enda med straffekonkurranse. Anders Næs fekk ikkje ta straffe, etter at han vart utvist ti sekund før slutt.

I den spennande straffekonkurransen, avgjorde «Bocca Under» på den fjerde straffen.

Koseleg

– Stor stas å vinna og kjekt å vera med, sa Anders Næs etter finalen.

Han var imponert over unggutane dei møtte i finalen.

– Her er det mange spelarar som kan nå langt, sa Næs.

Bronse

Rudlen Vel med spelarar stort sett frå Sandvoll tok bronse, etter siger 3–2 over Kongelaget i bronsefinalen. Dei avgjorde ved Robert Handeland etter ekstraomgangar.

Mest lese no

...

Kjendisfest i Baroniet

Kultur www.kvinnheringen.no: Kjendisparet Gunnar Greve Pettersen og Helene Ree vart smidde i hymens lenker i baroniet på laurdag. Les meir

...

Forfalska førarkort

Nyhende www.kvinnheringen.no: Under ein kontroll natt til søndag stoppa politiet ein førar som hadde forfalska førarkort. Les meir

...

Båtulukke

Nyhende www.kvinnheringen.no: Fleire personar hamna i sjøen i Uskedalen fredag kveld. Les meir

...

Frustrasjon blant bygdefolket

Nyhende www.kvinnheringen.no: Ein frustrasjon, bygd opp over tid, resulterte i eit godt besøkt folkemøte i Mauranger. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.