...
Livbåtproduksjonen - her representert med den nye stuplivbåten FF1200 - høyrer no inn under Umoe Schat-Harding Equipment AS. Bildet er frå i fjor sommar og viser FF1200 på veg opp etter eit verdsrekordstup frå 55 meters høgde. Foto: Jonn Karl Sætre

Harding omorganiserer

www.kvinnheringen.no: Umoe Schat-Harding har forenkla organisasjonsstrukturen sin. Den nye organisasjonen er delt i fire einingar.

Publisert 13.01.2010 kl 14:01 Oppdatert 13.01.2010 kl 14:01

Tips ein venn på e-post:


– Vi har hatt sterk vekst dei siste åra og yter service over heile verda døgeret rundt, seier adm. direktør Ove Røssland i ei pressemelding. Produksjon og service føregår fleire stader i verda for å kunna vera nærare kundane.

Den nye organisasjonen består av Umoe Schat-Harding Group AS, Umoe Schat-Harding Equipment AS, som har ansvar for produksjon og nye prosjekt, Umoe Schat-Harding Services AS, som har ansvar for service på utstyr levert av Umoe Schat-Harding, og Umoe Schat-Harding Eiendom AS, som eig og administrerer konsernet sin eigedom i Norge.

– Denne modellen skal betre samsvara med selskapet si verksemd, som er blitt meir global og i større grad er oppteken med service, seier Røssland. Den nye organiseringa skal òg gjera konsernet betre rusta for framtida.

Ordresituasjonen er god, Harding har gode produkt, men marknaden er tøff.

Harding har fabrikkar i Norge, Storbritannia, Nederland, Tyskland, Italia, Panama, Singapore, Spania, Canada, Tsjekkia, USA og Kina, og agentar og samarbeidspartnarar i 30 andre land.

Mest lese no

Gratis nettavis

...

Nyhende www.kvinnheringen.no: Grunna tekniske vanskar med nettavisa vår vil det vera gratis å lesa avisa på nett i helga.

Les meir

...

Samband i det blå

Nyhende www.kvinnheringen.no: Eit Fjelbergsamband ser framleis ut til å liggja langt fram i tid. Les meir

...

60 nye plassar

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kommunestyret vedtok i går samrøystes å gå vidare med planane om å byggja 60 nye institusjonsplassar i Rosendal. Les meir

...

Ikkje hardt skadd

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kvinna som køyrde av vegen ved Eidsvik skipsbyggjeri torsdag ettermiddag fekk ingen alvorlege skader. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.