...
(Illustrasjonsbilde)

Turprogrammet klart

www.kvinnheringen.no: Kvinnherad Turlag sitt program for 2010 byr på noko for einkvar smak.

Aasmund Taarn Sande E-post
Publisert 29.01.2010 kl 14:51 Oppdatert 29.01.2010 kl 14:51

Tips ein venn på e-post:


Turprogrammet byr på turar for hovudlaget, men òg undergruppene Barnas Turlag, Fjellsportgruppa og Seniorgruppa.

Hovudlaget sitt program startar romantisk med ein par timars måneskinstur på ski i Fjellhaugen den 28. februar, og blir avslutta med ein bretur på Folgefonna, 17. til 19. september.

– Det er erfaringane frå i fjor, med mange avlyste turar på hausten, som gjer at vi avsluttar programmet så tidleg, seier Anne Kari Enes.

Barnas Turlag sitt program startar alt komande sundag med skileik i Fjellhaugen/Grønlia. Det er same dagen som den nasjonale «Kom-deg-ut-dagen». På programmet står ymse leikar i snøen, bålbrenning og grilling.

Fjellsportgruppa byr på program for den som vil ha det glatt, høgt og bratt. Her er alt frå tur på tvers av Folgefonna i mars, til tinderangling i Bjørndalstindane i august.

For dei som kan styra seg for ekstremsport-variantar, byr Seniorgruppa på eit omfattande program. Mellom anna ein spennande 10-dagars tur til Skottland med spaserturar på West Highland Way.

Mest lese no

Gratis nettavis

...

Nyhende www.kvinnheringen.no: Grunna tekniske vanskar med nettavisa vår vil det vera gratis å lesa avisa på nett i helga.

Les meir

...

Samband i det blå

Nyhende www.kvinnheringen.no: Eit Fjelbergsamband ser framleis ut til å liggja langt fram i tid. Les meir

...

Ikkje hardt skadd

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kvinna som køyrde av vegen ved Eidsvik skipsbyggjeri torsdag ettermiddag fekk ingen alvorlege skader. Les meir

...

Over tonnet i Uskedalselva

Nyhende I fiskesesongen 2011 vart 6687 kg laks og 2722 kg sjøaure tatt opp frå elvane i Hordaland. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.