...
9 av 11 kvinner i prosjektgruppa for det nye kvinnenettverket i Sunnhordland. Frå venstre: Astrid Kjellevold Steinsland (prosjektleiar), Ragna Flotve, Inger Karin Larsen, Janne Robberstad, Catherin Cameron, Gro J. Gjerde, Gretha Rød, Bodil Haga og Sylvi R. Sørfonn. (Pressefoto).

Nytt kvinnenettverk

www.kvinnheringen.no: 10. februar går startskotet for eit nytt nettverk for kvinner i næringslivet.

Publisert 01.02.2010 kl 09:44 Oppdatert 01.02.2010 kl 09:45

Tips ein venn på e-post:


Samarbeidsorganet for bedrifter i Sunnhordland, Atheno, inviterer kvinner inn i det nye nettverket «Kvinnovasjon». Nettverket er mynta på kvinner som anten har etablert eller ønskjer å etablera eigne bedrifter. Målet er å mobilisera og motivera fleire kvinner til å starta eigne bedrifter, til vidareutvikling av allereie etablerte bedrifter og til generelt å engasjera seg meir i næringsutvikling, pressemelder Atheno.

Prosjektleiar Astrid Kjellevold Steinsland har ein begeistra gjeng med seg i prosjektstyret. Ifølgje pressemeldinga er det ikkje småtteri dei ønskjer å oppnå; nettverket tek sikte på å styrkja nyskaping, kreativitet, etablering, motivasjon, inspirasjon, begeistring, iver, kunnskap, leiing, styrearbeid kvinner og nettverk.

Prosjektet er finansiert av Kommunal- og regionaldepartementet og styrt av det statlege føretaket SIVA (Selskapet for industrivekst). Slike nettverk har eksistert i Noreg frå 2006, men kom til Hordaland først i 2010.

Det nye nettverket i Sunnhordland skal byggjast opp i samarbeid med Samarbeidsrådet for Sunnhordland, ei regional prosjektgruppe, Nyskapingsparken i Bergen og næringshagane på Voss, Mongstad og i Odda. Då prosjektet «Kvinnovasjon» starta opp i 2006 var 32% av nyetablerarane kvinner. Målet for 2013 er 40%.

Nettverket startar opp på Stord Hotell 10. februar. Blant førelesarane er Janne V. Solheim, adm. dir i Janus.

– Etablerarar og andre interesserte er velkomne til ein spennande kveld, helsar Atheno.

Mest lese no

Gratis nettavis

...

Nyhende www.kvinnheringen.no: Grunna tekniske vanskar med nettavisa vår vil det vera gratis å lesa avisa på nett i helga.

Les meir

...

Samband i det blå

Nyhende www.kvinnheringen.no: Eit Fjelbergsamband ser framleis ut til å liggja langt fram i tid. Les meir

...

60 nye plassar

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kommunestyret vedtok i går samrøystes å gå vidare med planane om å byggja 60 nye institusjonsplassar i Rosendal. Les meir

...

Ikkje hardt skadd

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kvinna som køyrde av vegen ved Eidsvik skipsbyggjeri torsdag ettermiddag fekk ingen alvorlege skader. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.