www.kvinnheringen.no: Tysdag var boreriggen komen 630 meter inn i fjellet i Nordrepollen. På Torsnes er ein i full gang med rigging og forskjæringar. Alt går etter planen med Jondalstunnelen.
Nye bilde | ||
Nye innlegg | ||
| Johs H. Sekse, Hardanger Folkeblad | |
| Publisert 03.02.2010 kl 11:57 Oppdatert 03.02.2010 kl 11:58 |
Med ein fart på 15 meter i døgeret og 70 i veka, går tunneldrivinga heilt etter planen frå Maurangersida. For tida er 35 personar fordelt på to skift i ferd med å eta seg innover fjellmassivet mellom Nordrepollen og Torsnes, fortel byggjeleiar Hallvor Solheim og kontrollingeniør Ronny Flesjå i Statens Vegvesen.
Sjølve Jondalstunnelen vil verta på 10 150 meter, medan Ødegårdtunnelen bak Torsnes vert 580 meter.
Hovudentreprenør på anlegget er Kruse Smith AS og kontraktsummen lyder på rundt 670 millionar kroner.
Etter planen skal sjølve drivinga frå Jondalsida starta rett etter påske. Så langt ligg ein godt an med tanke på det. Tunnelen skal deretter drivast like langt inn frå begge sider.
Til saman er det 57 personar på prosjektet for tida. Så langt har fjellet vore bra, men entrprenøren har eigen geolog på plass ved behov.
Sjølv om det går jamnt, skjer ikkje gjennomslaget før om to år. Noko som fortel litt om kor lang Jondalstunnelen vert.
Han vert elles ein halv meter breiare enn Folgefonntunnelen, med andre ord 8,5 meter.
Den 640 meter lange Bergfjelltunnelen mellom Nordre- og Austrepollen, skal strossast ut og få ljos. Men han vil berre verta fire meter brei, så her vert det ljosregulering. Sidan i fjor sommar har ein elles drive med fjellsikring på denne strekkja.
Massedponia i begge endar vil verta på land. Med det sparar ein både lang transport og deretter frakt på lekter ut til anviste område i fjorden.
Til no har dei ikkje hatt såkalla uynskte hendingar som har medført sjukemeldingar. Men det har vore ein del nestenulukker. Noko som skjerpar merksemda på tryggleiken.
Heile anlegget skal stå ferdig sommaren 2013.
Kalenderen fra Kvardag | ||
Web-TV De innesperrede gruvearbeiderne i Chile får nå mat og drikke.
Se video herKampstart om:
Nye kommentarar