www.kvinnheringen.no: Heile 15 grupper frå heile Kvinnherad og kommunane rundt stilte opp på «Ungrock» på Capri torsdag kveld.
Ungdomsrocken under Kulturfestivalen er blitt eit svært populært arrangement som trekkjer mange deltakarar.
«Ungdomsrock» er meint å gje ungdomar som er musikkinteresserte ein sjanse til visa seg fram. Alle kan melda seg på denne konkurransen, sjølv om dei ikkje spelar rock. Og det var stor og flott variasjon i det som vart framført, av alt frå rolege, vakre viser til knallhard rock.
Husnesjenter
Det var duoen beståande av Helene Vik og Aleksandra Sanden som stakk av med førstepremien på 3000 kronar og spelejobb med songen «Leaving on a jetplane».
Dette var ein roleg popballade, som dei framførte på upåklageleg vis.
– Dei var rett og slett fantastiske, til å få gåsehud av, seier leiar i Rockeklubben Geir Yven.
Han tykkjer det er veldig kjekt at det no er mange jenter som viser att i musikkmiljøet.
Andreplass gjekk til «Solid Identity» (1500 kronar), frå folkehøgskulen og tredjeplass gjekk til «Conclusion of Difference» (500 kronar).
– Vi er veldig nøgde. Dette er blitt betre og betre for kvart år. Fleire deltakarar og nivået er svært høgt. Kjekt at dei som melder seg på år etter år blir betre og betre. Vi er stolte over dei ungdomane som er med, seier Jorun Larsen i Rockeklubben. Juryen, bestod av Tor Bjarne Bjelland, Samson Røyrvik, og Roger Eikemo.