www.kvinnheringen.no: Onsdag var det både vemod og feiring ved Sætre skule som heldt open dag, siste dagen.
Som kjent skal elevane ved Sætre skule fordelast på skulane Hauge og Tofte fram til den nye skulen, Halsnøy skule, står ferdig august 2011. Bygginga er i gang og Sætre skule blir ein del av den nye skulen.
Verksemdsleiar Jarle Haktorsen ønskte gjestene velkomen, og vedgjekk at det var ein spesiell dag:
– Det er siste gongen me er samla i Sætre skule som vart bygt i 1976. Men bygget blir ståande og skulen gjenoppstår som ein del av Halsnøy skule.
Fritt fram
– For nokre er det ein vemodig dag, men det er òg ein kjekk dag med tanke på at me er nærmare den dagen då den nye skulen står ferdig, la Haktorsen til.
Den spesielle dagen vart markert med kaker, kaffi og brus, men før elevar, foreldre og besteforeldre fekk gå laus på kakefata, framførte nokre av elevane musikk og song. Deretter var det fritt fram til å sjå seg rundt, preika med folk, og kanskje finna seg ei lærebok eller ein bakebolle.