www.kvinnheringen.no: «Fugro Synergy», som er bygd ved Bergen Group Halsnøy, fekk onsdag kveld prisen for årets beste båt under den internasjonale offshore- og shippingkonferansen OSJ i London.
Nye bilde | ||
Nye innlegg | ||
| Ivar Vaage | |
| Publisert 18.02.2010 kl 11:07 Oppdatert 18.02.2010 kl 13:33 |
Rundt 1.200 personar frå heile verda har vore med på å stemma Bergen Group Halsnøy sitt bygg nr. 123 fram til «Support Vessel of the Year». Prisen går til eigar, designar og byggjar av den offshorebåten som blir rekna for å ha sett ny industristandard gjennom nyskapande design og innovative løysingar, heiter det i ei pressemelding.
Det blei i kåringa lagt vekt på at «Fugro Synergy» er ei nyvinning innanfor offshoresektoren på fleire område. «Fugro Synergy» representerer ein ny generasjon høgteknologi boreskip bygd for ein aukande etterspurnad etter kostnadseffektive boreeiningar. Det 103 meter lange skipet er bygd for å kunna operera i ekstreme vêrtilhøve og på område med havdjupne opp til 3.000 meter.
– Dette er eit skip som er prega av svært avansert teknologi, stor fleksibilitet og ein svært høg standard, uttalar verftsdirektør Einar Myklebust ved Bergen Group Halsnøy.
Han er stolt over at skipet, som blei levert frå verftet i oktober i fjor, har fått den prestisjetunge utmerkinga.
– Prisen er en klar anerkjenning av den jobben som er gjort ved Bergen Group Halsnøy og eit synleg resultat av det konstruktive samarbeidet Bergen Group har hatt med reiarlaget Fugro Well Services gjennom hele byggjeprosessen, konstaterer Myklebust.
Representantar frå Bergen Group, designerfirmaet Marin Teknikk og reiarlaget Fugro tok imot prisen under ein gallamiddag i London onsdag kveld der 350 representantar frå den internasjonale shippingbransjen deltok.
Kalenderen fra Kvardag | ||
Web-TV De innesperrede gruvearbeiderne i Chile får nå mat og drikke.
Se video herKampstart om:
Nye kommentarar