...
Taket over svømmehallen på Hatlestrand skule er rast saman. Til alt hell skjedde dette ein sundag, då det ikkje var folk i bassenget. Foto: Vårin Ekeland

Tak på symjehall raste saman

www.kvinnheringen.no: Taket over symjehallen ved Hatlestrand skule har rast saman søndag føremiddag. Til alt hell skjedde dette ein dag der elevane hadde fri. Hadde dette skjedd i skuletida ville det vore ein katastrofe som ikkje er å tenkja på.

Tomas Bruvik E-post
Publisert 07.03.2010 kl 14:22 Oppdatert 08.03.2010 kl 12:35

Tips ein venn på e-post:

...
Eit trist syn. Foto: Vårin Ekeland

Også deler av veggene har rast saman over symjehallen, der det til dagleg er full aktivitet.

Vaktmeister ved skulen Lars Gjerde er sjokkert over det som har skjedd. Han stipulerer at det låg rundt ein halv meter snø på taket.

Gale syn

– Det er eit heilt gale syn, og dragarane som held taket er knekt rett av, seier Gjerde.

Ut over føremiddagen har det samla seg ein del folk for å sjå på taket, og folk er rysta.

– Det er synd og trist, men vi må no berre vera glade for at dette skjedde ein dag det ikkje var elevar på skulen, seier Gjerde.

– Det ligg like mykje snø over heile det flate taket på Hatlestrand skule.

Mest lese no

Gratis nettavis

...

Nyhende www.kvinnheringen.no: Grunna tekniske vanskar med nettavisa vår vil det vera gratis å lesa avisa på nett i helga.

Les meir

...

Samband i det blå

Nyhende www.kvinnheringen.no: Eit Fjelbergsamband ser framleis ut til å liggja langt fram i tid. Les meir

...

60 nye plassar

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kommunestyret vedtok i går samrøystes å gå vidare med planane om å byggja 60 nye institusjonsplassar i Rosendal. Les meir

...

Ikkje hardt skadd

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kvinna som køyrde av vegen ved Eidsvik skipsbyggjeri torsdag ettermiddag fekk ingen alvorlege skader. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.