www.kvinnheringen.no: Ei stor mobilisering av kommunalt tilsette og frivillige gjer at Hatlestrand skule opnar igjen tysdag
– Ingen elevar skal inn her før skulen er trygg. Alle tak skal vera rydda før elevane får koma tilbake. Det vil nok gå eit par dagar, sa verksemdsleiar ved Hatlestrand Oppvekstsenter, Edvard Jarle Tveit, til Kvinnheringen måndag føremiddag.
Men ut over måndagen vart det mobilisert eit stort mannskap som vart sendt på taket for å moka bort dei fleire hundre tonna som dekka taket på skulebygget. Her deltok både kommunalt tilsette frå heile kommunen og frivillige frå Hatlestrand.
– No er det skikkeleg gang i det. Vi opnar skulen i morgon, sa verksemdsleiar Magne Øyre til Kvinnheringen ved 14.00-tida.
Dermed kan dei 83 elevane som vart haldne heime måndag, koma tilbake igjen på skulen tysdag.