...
Her er sju av ungdomane bak Vegen ut av reiret: Karoline Langeland Eide (t.v.), Christin Medhus Eide, Sigrid Tjeldflåt, Vegard Vestbø Skåle, Karoline Norheim Fausk, Anette Thorkildsen og Mirnesa Foric. Frua heilt til høgre har ikkje vore med, men det har Nabila M. Hanif, som ikkje var til stades denne dagen. Foto: Sjur Tjelmeland

Vegen ut av reiret

www.kvinnheringen.no: Kven har ikkje brent sausen i gryta eller kokt ullklede i maskinen? No kan både ferske og erfarne hybelbuarar få hjelp.

Sjur Tjelmeland E-post
Publisert 09.03.2010 kl 07:00 Oppdatert 09.03.2010 kl 07:00

Tips ein venn på e-post:


Elevbedrifta Vegen ut av reiret UB på Kvinnherad vidaregåande skule er på marknaden med eit hefte med gode råd til dei som set bu for første gong. Heftet heiter Vegen ut av reiret og skal presenterast og seljast på ei messe i Grieghallen i Bergen midt i mars.

Der skal dei òg konkurrera med andre elevar som har laga ungdomsbedrift. Ifølgje elevane er det første gongen elevar frå Kvinnherad er med i denne konkurransen.

Åtte elevar frå 2. og 3. klasse allmennfag på Kvinnherad vidaregåande skule arbeider dette skuleåret med faget entreprenørskap og bedriftsutvikling. Dei har halde på sidan i haust og fann ut at det er mange som har bruk for råd og rettleiing om hybellivet.

Så har dei gjort som andre skribentar; tenkt på kva heftet skulle innehalda, delt oppgåver mellom seg og leita etter fakta dei ville ha med. Dei har m.a. fått hjelp av bokhandlar Arne Alsaker, som har hatt ei mentorrolle i prosjektet.

Heftet tek m.a. for seg vask og stell av klede, litt om straum og brannvern, husleigekontraktar, økonomistyring, matlaging med oppskrifter og råd om kaffikoking.

Den grafiske utforminga har elevane gjort sjølve. Dei har ikkje late seg freista til å bruka all slags typar og skrifter, men halde seg til det enkle og greitt oversiktlege. Sør-Norge Aluminium har teke på seg trykkinga.

Førebels er det trykt 100 eksemplar. Så sant marknadsføringa blir gjort like profesjonelt som heftet, så blir førsteopplaget raskt utselt. I Bergen bur det tusenvis av studentar, som er meir og mindre dyktige i det husmorfaglege og har noko å læra. Også mange andre einebuarar så vel som sambuarar vil ha nytte av heftet.

Skulle det verta overskot, kjem det eigarane bak tiltaket til gode.

Mest lese no

Gratis nettavis

...

Nyhende www.kvinnheringen.no: Grunna tekniske vanskar med nettavisa vår vil det vera gratis å lesa avisa på nett i helga.

Les meir

...

Samband i det blå

Nyhende www.kvinnheringen.no: Eit Fjelbergsamband ser framleis ut til å liggja langt fram i tid. Les meir

...

Ikkje hardt skadd

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kvinna som køyrde av vegen ved Eidsvik skipsbyggjeri torsdag ettermiddag fekk ingen alvorlege skader. Les meir

...

Over tonnet i Uskedalselva

Nyhende I fiskesesongen 2011 vart 6687 kg laks og 2722 kg sjøaure tatt opp frå elvane i Hordaland. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.