...
Hans Håland. Foto: Arne Lindeflaten

Ut av Ap i protest

www.kvinnheringen.no: Styremedlem og mangeårig kommunerepresentant for Ap, Hans Håland, har meldt seg ut av partiet i protest mot eigedomsskatten for næringslivet.

Arne Lindeflaten E-post
Publisert 10.03.2010 kl 07:00 Oppdatert 10.03.2010 kl 07:00

Tips ein venn på e-post:


Fire dagar etter at fleirtalet i kommunestyret i Kvinnherad, med støtte frå AP, vedtok at næringslivet skulle betala maksimal eigedomsskatt, bad Hans Håland om å bli stroken frå alle roller i partiet, både lokalt og sentralt.

– Dette kunne dei spart seg for. Å påleggja næringslivet ein dyr eigedomsskatt i ei tid då mange kjempar for arbeidsplassane sine, vert heilt feil, meiner Hans Håland.

Bilmekanikaren frå Hatlestrand sit i styret i Kvinnherad Arbeidarparti. Han har to periodar bak seg i kommunestyret. Håland er mildt sagt irritert over at partikollegaene hans i kommunestyret kunne vera med på å vedta ein slik skatt for næringslivet.

– Eg er prinsipielt motstandar av eigedomskatt, men har på ein måte slått meg til ro med to promille for private bustadar og eigedomar. Men det vert eit heilt feil tidspunkt å innføra sju promille i eigedomsskatt for næringslivet no, i ei tid der mange ikkje veit om dei har jobb ved slutten av dagen, seier Håland.

Les meir i dagens papirutgåve av Kvinnheringen.

Mest lese no

...

Satsing på lokal mat

Kultur www.kvinnheringen.no: Innovasjon Norge og Fylkesmannen vil løfta fram 2012 som satsingsår for lokal mat, og mobilsere til utviklingsarbeid. Les meir

...

Ustabilt ferjesamband

Nyhende www.kvinnheringen.no: I løpet av dei siste ni dagane i januar og den første i februar tikka det inn 13 meldingar om driftsproblem i ferjesambandet Ranavik–Skjersholmane. Les meir

...

Enda på 10. plass

Sport www.kvinnheringen.no: Trio sine volleyballdamer i første divisjon hamna på ein 10. plass i rankingturneringa i Bergen i helga. Les meir

...

Mottok pengegåve

Nyhende www.kvinnheringen.no: Onsdag fekk Husnes Musikklag overrekt ein sjekk på 25.000 kroner frå Sparebank1 SR-Bank. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.