Ordrereserven er pr i dag på heile 110 millionar kroner, opplyser selskapet i ei pressemelding. Energi Teknikk, som blei etablert i 1998, har i løpet av få år opparbeidd seg ein sterk posisjon innan turbinteknologi til småkraftanlegg. Sidan starten har selskapet levert 90 turbinar som årleg produserer rundt 410 GWh fornybar energi, tilsvarande straumforbruket til ca 24 000 husstandar. Anlegga er leverte frå Audnedal i Vest-Agder til Sørreisa i Troms. Ei hovudårsak til framgongen for Energi Teknikk er systematisk satsing på produktutvikling. Dette har m.a. anna resultert i utvikling av ein ny type vasskraftturbin (Brekketurbinen) og nytt design på turbinskåler som har slått an i marknaden. I nyskapinga inngår dessutan prototype på komplett vasskraftverk plassert i standard container. Sistnemnde har skapt stor merksemd i marknaden, spesielt i utlandet. Energi Teknikk har i dag 17 tilsette i eiga verksemd og kjøper tenester i eit nett av norske underleverandørar.