www.kvinnheringen.no: Representantar frå alle nivå i kommunen samlast torsdag til møte i Kulturhuset for å diskutera den framtidige helseomsorga.
I alt 72 representantar frå kommunestyret, komité for helse, omsorg og miljø, eldrerådet, råd for funksjonshemma, hovudtillitsvalde, hovudverneombod og representantar frå fagområdet helse og omsorg var til stades. Forsamlinga gjer ingen vedtak, men kjem med idear til korleis ein skal handtera helseomsorga i framtida. Det gjeld kommunen sine oppgåver medrekna iverksetjing av den nasjonale samhandlingsreforma.
Rådgjevar Møyfrid Hallset frå RO – ressurssenter var invitert til å fortelja om trendar i utvikling, samhandlingsreforma og kva som bør prioriterast i Kvinnherad. Forsamlinga skal vidare bruka tid på å drøfta problemstillingane og ideane både i grupper og i plenum.