www.kvinnheringen.no: Spelemannsartistar, rap og danseband vil stå sentralt under årets Rosendal Musikkfestival, som vert skipa til i dagane 28. til 30. mai.
Programmet vart sleppt på ein pressekonferanse i Rosendal i dag. Om det er spanande eller ikkje, kjem an på kvar einskild sin musikksmak. Men det som i alle høve er sikkert, er at spennvidda er stor. Frå kyrkjemusikk til pop, rock, rap, jazz, blues, korps, kor og viser.
– Vi meiner å ha lagt opp til eit program som har noko for alle – både born, unge og eldre, seier Bjarne Øymyr og Jon Storækre jr. i festivalnemnda.
Tradisjonen tru startar festivalen med opningskonsert i Rosendal samfunnshus fredagskvelden, denne gongen med Helene Bøksle, ein artist som i fylgje tilskiparane har ei stemmeprakt som nærast kan samanliknast med Sissel Kyrkjebø. Og utetter helga vartar festivalen opp med artistar som mellom andre Narum, Vetrhus bluesband, Reidar Larsen, Anne Nørdsti, Iver Kleive og Knut Reiersrud, samt ei rekkje lokale aktørar, mellom dei den unge trompetisten frå Uskedalen, Vegard Døssland.
Nytt i år er at den tradisjonelle folkefesten i Skålagato laurdagsføremiddagen vert flytta til Skålafjøro, der det vert overbygd scene, telt med bord og stolar og sal av vått og turt, og program som varer frå klokka 11.30 til klokka 21.
Les meir om festivalprogrammet i papirutgåva fredag.