www.kvinnheringen.no: KVV-russen skal måndag og tysdag ta beina fatt og samla inn pengar til den årlege kreftaksjonen.
– Det er kjekt å kunna visa at russen ikkje berre held på med tull. Dette vert nok ikkje det einaste gode føremålet me kjem til å hjelpa til med. Meininga er at overskotet frå russerevyen òg skal gå til eit godt føremål, seier Rita Handeland.
Tema for årets krafttak mot kreft arrangert av Kreftforeininga er utprøvande behandling, og pengane som kvinnheradsrussen får inn skal gå til forsking på nye typar medikament og kreftbehandling.
– I utgangspunktet skal alle tredjeklassingane gå rundt med bøsser måndag og tysdag, seier Kari Raudstein.
– Målet er å få inn i 1000 kroner i kvar bøsse. Med 15.000 bøsseberarar på landsbasis blir målsetjinga såleis å samla inn til saman 15. millionar kroner, seier Handeland.
Russen oppfordrar folk i kommunen til å halda lommebøkene klare og gi når dei får besøk av bøsseberarar neste veke.