www.kvinnheringen.no: Natt til laurdag vart det utført omfattande hærverk på Husnes.
6–8 kommunale bilar er spraya med maling og må truleg omlakkerast. Ei rekkje vindauga på Husnes Storsenter og i Aksen er også tilgrisa med spraymaling. Eit vindauga i lokala til Sparebanken Vest er knust, men det har truleg ikkje vore innbrot. Eit anna stort vindauga i senteret er også øydelagt med slagvåpen.
– Her er det heilt sikkert gjort skade for over 100.000 kroner, opplyser Are Blokhus i Sentrum Glas og Vedlikehald. Han har meldt hærverket til politiet, men dei hadde i tolvtida laurdag enno ikkje vore på staden.
Senteret er godt videoovervaka, og Blokhus reknar med dei har filmopptak av dei som står bak hærverket.