www.kvinnheringen.no: Loppemarknaden på Sunde skule til inntekt for Haiti søndag blei ein gedigen suksess.
Dei frammøtte kunne velja og vraka i pyntegjenstandar, klede, sportsutstyr, bøker, blad og kjøkenutstyr og mykje meir til reine gje-bort-prisar.
– Folk har vore flinke og levert inn utruleg mange fine lopper. I tillegg har elevane på skulen vore flittige og laga mykje fint i formingstimane. Me er overvelda, både over gjevargleda og responsen her i dag, seier Inghild Solberg.
Ho er leiar i FAU, som hadde ansvar for det populære arrangementet. Saman med søstera Aina hadde ho stri jobb med å ta mot betaling frå smilande kundar.
– Pengane har me bestemt skal gå til Redd Barna sitt arbeid for hjelpa overlevande etter jordskjelvet på Haiti, opplyser Inghild.
Loppemarknaden kjem i staden for den tradisjonelle bygdekvelden som FAU plar arrangera. Etter oppslutnaden i går såg ikkje det ut til å vera noko dumt byte.
Etter handlerunden kunne ein friska seg med kaffi og kaker på kafé i eit av klasseromma. I eit anna klasserom blei det vist film for dei minste.
Då pengane var talde opp litt seinare på dagen, viste det seg at loppemarknaden gav eit flott overskot på 30.000 kroner.