www.kvinnheringen.no: Umoe Schat-Harding fekk onsdag «Merket for god design» for den nyutvikla livbåten FF1200.
Det var i samband med Designdagen 2010 i Oslo Kvinnherad-bedrifta fekk denne flotte utmerkinga.
– Denne utmerkinga heng høgt i Norge. Den vert gitt til bedrifter og designarar som saman har skapt svært gode produkt eller tenester gjennom metodisk bruk av design, seier Eline Strøm-Gundersen i Norsk Designråd i ei pressemelding.
Strøm-Gundersen er prosjektleiar for Merket for god design.
– Det er ei ny fin profilering, og ei fin oppfølging av den flotte profileringa vi fekk i sommar, seier marknadsdirektør Per Einar Gjerding i Umoe Schat-Harding.
Bedrifta får prisen for designet til den nye stuplivbåten av typen FF1200.
Båten er blitt meir straumlineforma enn andre stuplivbåtar. Den er dimensjonert for ekstreme vêrforhold.
– I motsetning til vår hardaste konkurrent, så er dette ein båt som vi har utvikla og nydesigna heilt frå botnen av, understrekar Gjerding.
Bedrifta går mot spennande tider.
– Ja, det vert spennande å sjå kva båtar som vert valt til dei neste prosjekta som skal ut på Norsk sokkel. Vi er med i kampen om fleire prosjekt som vert avgjort i andre kvartal, seier Gjerding.
Det var prosjektleiaren for FF1200, Kjell Ove Underhaug, som mottok prisen i Oslo på vegner av Umoe Schat-Harding.