Ung sokneprest

www.kvinnheringen.no: Bjørgvin bispedømeråd tilsette i går Ole Kristian With Due (26) som sokneprest i Uskedalen sokn, med Husnes og Holmedal sokn og Uskedalen sokn som tenestestad. Dette er ei nyoppretta stilling.

Sjur Tjelmeland E-post
Publisert 17.03.2010 kl 14:53 Oppdatert 17.03.2010 kl 14:53

Tips ein venn på e-post:


Ole Kristian With Due er oppvaksen i Hamarøy i Nordland og budde i Molde frå han var 10 år. Presteutdanninga har han frå Misjonshøgskolen i Stavanger.

Den nye soknepresten er for tida feltprest på Bodø Hovedflystasjon. Han skal ha eit særleg ansvar for konfirmantarbeid, dåpsopplæringsplan, kontakt mellom kyrkje, skule og barnehage i begge sokna.

Presten skal og bruka noko av tida si på ungdomsarbeid ut frå eigne interesser, føresetnader og eigne prioriteringar. Det er den tidlegare kapellanstillinga i Husnes og Holmedal prestegjeld som er omgjort til soknepreststilling.

Den nye soknepresten skal bu i prestebustaden på Valen og han skal ha kontor på Husnes kyrkjekontor.

With Due har ei veke på seg til å bestemma seg for om han tek imot stillinga. I fall han seier ja, reknar han med å vera på plass utpå hausten.

Den andre søkjaren var Magnhild Handeland Heiberg (56 år). Ho er sjukehusprest på Kongsvinger.

Mest lese no

...

Satsing på lokal mat

Kultur www.kvinnheringen.no: Innovasjon Norge og Fylkesmannen vil løfta fram 2012 som satsingsår for lokal mat, og mobilsere til utviklingsarbeid. Les meir

...

Ustabilt ferjesamband

Nyhende www.kvinnheringen.no: I løpet av dei siste ni dagane i januar og den første i februar tikka det inn 13 meldingar om driftsproblem i ferjesambandet Ranavik–Skjersholmane. Les meir

...

Enda på 10. plass

Sport www.kvinnheringen.no: Trio sine volleyballdamer i første divisjon hamna på ein 10. plass i rankingturneringa i Bergen i helga. Les meir

...

Mottok pengegåve

Nyhende www.kvinnheringen.no: Onsdag fekk Husnes Musikklag overrekt ein sjekk på 25.000 kroner frå Sparebank1 SR-Bank. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.