www.kvinnheringen.no: Berre sidan jul reknar forsikringsbransjen å måtta betala ut rundt 750 millionar kroner i frost- og vassskadar på landsbasis.
Det er meir enn ei dobling samanlikna med same periode i fjor, og truleg dei høgaste utbetalingane for forsikringsbransjen etter ein vinter i det heile.
Det er kombinasjonen mykje snø og streng kulde med etterfølgjande mildvêr, som fører til rekorderstatningar.
– Vinteren har vore ekstrem. Når det gjeld frost- og vasskadar, er det det verste året vi kan hugsa å ha vore med på, seier informasjonsansvarleg Arne Voll i Gjensidige Forsikring til Kvinnheringen.
Selskapet har fått meldingar om rundt 7000 frost- og vasskader på hus og bygningar på landsbasis, og reknar åleine med å måtta punga ut om lag 250 millionar kroner.
Også i Kvinnherad
Frå jul og fram til i dag har Gjensidige fått melding om rundt 20 frost- og vasskadar i Kvinnherad. Voll trur heile forsikringsbransjen sit inne med mellom 40 og 50 slike skademeldingar frå kommunen.
– Frost- og vasskader kan lett kosta frå ein halv til éin million kroner for ein einebustad, så det er store pengar det er snakk om, seier Voll og kjem med eit par lokale døme.
I eit bustadhus i Rosendal førte eit frose vassrøyr til skadar for mellom 100.000 og 200.000 kroner. På Husnes fekk eit næringsbygg frost- og vasskadar for tilsvarande summar.
Fjern snøen
For å unngå slike ubehaglege overraskingar, byr Arne Voll på ei rekkje tommelfinger-reglar.
– Å ha nok varme på i rom der det går vassrøyr, kan vera ei god og billeg forsikring. Syt for å reinska opp i sluk så vatnet renn der det skal, og mok snø ned frå taket.
– Med mildvêret og regnet vi har fått blir snøen svært tung. Det kan føra til at taket blir øydelagt eller i verste fall bryt saman, seier han.
Tak som blir skada av snø blir til vanleg dekka av forsikringa. Men i forsikringsavtalen står det at huseigar er pålagt å fjerna snø frå tak, vegger, veranda og terrassar med jamne mellomrom, for å førebyggja og avgrensa skadar.
– Gjer ein ikkje det, risikerer ein å få redusert erstatninga. Og etter denne lange kuldeperioden med mykje snø, skal det godt gjerast å seia at ein ikkje visste om det, seier Arne Voll.