...
Ulukka skjedde under anleggsarbeid i samband med bygginga av Halsnøy skule. Litt av den nedlagde Sætre skule i bakgrunnen. Foto: Arne Lindeflaten

Omkom i arbeidsulukke

www.kvinnheringen.no: Ein 43 år gamal mann omkom i ei arbeidsulukke på Halsnøy onsdag ettermiddag.
Arne Lindeflaten E-post
Publisert 17.03.2010 kl 18:20 Oppdatert 18.03.2010 kl 13:14

Tips ein venn på e-post:

...
Politioverbetjent Stig Dagfinn Tveiten i området der Halsnøy skule er under bygging. Foto: Arne Lindeflaten

Det var like før klokka 16.30 onsdag ettermiddag politiet fekk melding om ei arbeidsulukke ved den nedlagde Sætre skule på Halsnøy. Ein mann kom under ein gravemaskin i samband med grunnarbeid for den nye skulen, Halsnøy skule. – Eg kan stadfesta at ein mann er omkomen. Mannen er ikkje tilhøyrande i Kvinnherad, men i ein av nabokommunane, seier politioverbetjent Sig Dagfinn Tveiten til Kvinnheringen. Lege og ambulanse kom raskt til staden. I tillegg vart det rykt ut med ambulansehelikopter frå Bergen. Men livet til den skadde stod ikkje til å berga. – Det er altfor tidleg å seia noko om årsaka til ulukka. Den vil bli etterforska vidare, uttala Tveiten på ulukkesstaden. Dei pårørande er varsla om den tragiske arbeidslulukka.

Mest lese no

...

Mottok pengegåve

www.kvinnheringen.no: Onsdag fekk Husnes Musikklag overrekt ein sjekk på 25.000 kroner frå Sparebank1 SR-Bank. Les meir
...

Uavgjort for Trio

www.kvinnheringen.no: Trio spela 3–3 mot Falkeid i vintercupen torsdag. Les meir
...

Storfangst i fjorden

Politiet fekk storfangst i Haglsundet i Hordaland i formiddag. Les meir
...

Annleis gudsteneste

www.kvinnheringen.no: Søndag ettermiddag kan du vera med på ei litt annleis gudsteneste i Valen kyrkje. Les meir

Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.