www.kvinnheringen.no:Ein ny og moderne skule har ikkje gjort store utslag på søkjartalet til KVV, men skuleleiinga er likevel nøgd.
– Me er jo ein distriktsskule og har då ofte eit stabilt søkjartal. Elevtalet i 10. klassa har betyding for talet søkjarar me får, seier assisterande rektor Brynjulf Lie, etter at prognose opptaket til den vidaregåande skule vart offentleggjort fredag ettermiddag.
Gledeleg var det nok at søkjartalet til linja Kokk og Servitør ser ut til å ha gått opp. Det ser òg ut til at tilbodet om linja Service og Samferdsel held seg stabil. Kokk og Servitør som frå hausten av vil få dra full nytta av det flotte nye kjøkenet på skulen har i følgje prognosane fått 11 søkjarar.
– Samanliknar ein med i fjor er ikkje tala så avvikande. Eg reknar med at det sig til fleire søkjarar i prosessen med andre- og tredjeinntak. Ingen grupper veldig truga på om det vert oppstart eller ikkje, seier Lie.
Linja som nok er mest utsett er den nyoppretta TAF-linja.
– Stord har fått ein nedgang på si TAF-linje og i følgje prognose opptaket har me fått 10 søkjarar til den linja. Det blir mogleg ei vurdering om eit samarbeid mellom TAF-linjene i Sunnhordland. Det tilbodet er jo òg knyta opp mot industrien sitt høve til å ta imot elevar, men det er for tidleg å sei noko enda, seier Lie.