www.kvinnheringen.no: Rundt 40 herøysundingar møtte opp i Bringedalsbygda skule fredag kveld, for å høyra rektor ved Hosanger Montessoriskule, Anne Cecilie Skeidsvoll.
Skeidsvoll, som heldt om lag same føredraget i Ølve for eitt år sidan, fortalde engasjert om korleis Hosanger Montesorriskule vart til, og kva som skil montesorriskulen frå den offentlege. Mellom anna om å arbeida mykje i aldersblanda grupper og bruka mange handfaste hjelpemiddel i læreprosessen, særleg dei første åra.
Publikum var spørjelystne og Skeidsvoll gav gode svar.
– Korleis klarar motesorrielevane seg når dei kjem over i ungdomsskulen? var eitt av spørsmåla.
– Sidan vi legg stor vekt arbeidsro og at elevane ikkje skal forstyrra kvarandre, har vi fått høyra at elevane våre reagerer på at det er meir bråk i ungdomsskulen. Fagleg klarar dei seg like bra som dei som kjem frå offentlege skular, fortalde Skeidsvoll.
Leiar og nestleiar i det snart halvt år gamle Bringedalsbygda Montesorrisenter SA, Kåre Hagan og Åge Aakre, er styrkt i trua på val av pedagogisk retning:
– Eg likte det eg høyrde og det er godt å koma litt vidare i form av dette informasjonsmøtet, seier Aakre.
Neste steg er å finna ut kor mange elevar ein privat skule vil få. Vidare vil det òg bli organisert besøk hos montesorriskular. Førebels har skulepådrivarane i Herøysundet relativt god tid på seg, sjølv om dei teoretisk kunne ha starta opp alt hausten 2011.
– Vi legg opp løpet slik at vi er klare til å starta opp når kommunen legg ned Bringedalsbygda skule i 2013. Skulle det bli endringar i nedleggingsplanane, får det bli opp til bygda om vi skal starta opp montesorriskule likevel, seier Hagan.
Les meir i Kvinnheringen si papirutgåve måndag.