...
Frå venstre Karl Sandvik, gudmor Madli Sandvik, kaptein Rolf Reed Larsen, maskinsjef Otto Lie, Øystein Hellesøy og Thorleif Hellesøy. Foto: Arne Lindeflaten

– Flottaste skipet til no

www.kvinnheringen.no: Reiaren, Tor Østervold, spara ikkje på konfekten då han roste Hellesøy Verft under dåpsseremonien fredag ettermiddag.

Arne Lindeflaten E-post
Publisert 04.06.2010 kl 19:09 Oppdatert 04.06.2010 kl 19:17

Tips ein venn på e-post:

«Troms Artemis»-dåp

...

Dei norske flagga vaia frå skip, verftsområde og heile Løfallstrand-bygda, der skipsdåp framleis er ei høgtidsstund. Og det var all grunn til både å flagga og syngja «Ja, vi elsker», då det tredje skipet av i alt fire som verftet skal levera til Solvik Offshore, vart døypt. Med stø hand knuste gudmor, Madli Sandvik, opphaveleg frå Åkra, champagneflaska mot skutesida.

– Eg døyper deg «Troms Artemis», må hell og lykke følgja deg på alle hav, var helsinga det festpynta skipet fekk med seg frå gudmora.

Tidlegare på dagen hadde skipsreiar Tor Østervold, inspisert det staselege skipet. Slik oppsummerte han den inspeksjonen:

– Eit perfekt produkt. Den beste båten av dei tre de har levert til no, var helsinga frå reiaren.

Som ei ekstra takk til arbeidarane som har utført jobben, hadde reiaren med seg ein sjekk til velferdsklubben ved verftet. Kasserar i klubben, Herbjørg Orholm, kunne ta imot 35.000 kroner til velferdskassen.

Men det var fleire som hadde ein lukrativ dag på verftsområde. Rosendal skulekorps som underheldt med fengande marsjtonar under dåpssermonien, fekk 12.500 kroner i gåve frå verft og reiarlag.

– Dette er sommarbåten vår. Som det vesle verftet vi er, er vi bra nøgde med å ha levert ein slik båt. Vi har gjort denne jobben i løpet av seks månadar, den første brukte vi tre månadar meir tid på, sa ein stolt Øystein Hellesøy under dåpsfesten.

Seinare på kvelden var spesielt inviterte gjester bedne til fest på Rosendal fjordhotell. Laurdag held festen fram med tilstelling for tilsette, underleverandørar, bygdefolk og andre.

Arne Lindeflaten

arne@kvinnheringen.no

Mest lese no

...

Kjendisfest i Baroniet

Kultur www.kvinnheringen.no: Kjendisparet Gunnar Greve Pettersen og Helene Ree vart smidde i hymens lenker i baroniet på laurdag. Les meir

...

Forfalska førarkort

Nyhende www.kvinnheringen.no: Under ein kontroll natt til søndag stoppa politiet ein førar som hadde forfalska førarkort. Les meir

...

Båtulukke

Nyhende www.kvinnheringen.no: Fleire personar hamna i sjøen i Uskedalen fredag kveld. Les meir

...

Frustrasjon blant bygdefolket

Nyhende www.kvinnheringen.no: Ein frustrasjon, bygd opp over tid, resulterte i eit godt besøkt folkemøte i Mauranger. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.