www.kvinnheringen.no: Eide Marine Tech AS har skrive kontrakt om å levera osmosesystem for produksjon av ferskvatn til Statoil sin Snorre A-installasjon.
Det er Haugesundselskapet Aibel AS som har skrive kontrakt med halsnøyselskapet som per i dag har 14 tilsette. Anlegget skal stå klart og overleverast til Aibel AS i mai neste år.
– Den valde løysinga består av eit modulbasert konsept som er ei vidareutvikling av EMT sin standard Nor Water-serie. Dette er ein av dei største einskildinstallasjonane i selskapet si historie, skriv Eide Marine Tech i pressmeldinga.
Selskapet ønskjer ikkje å gå ut med den totale verdien på kontrakten, men dagleg leiar i Eide Marine Tech er svært nøgd med at ting byrjar å lysna innan industrien i Kvinnherad.
– Dette er absolutt ein viktig kontakt for oss. Me som alle har hatt utfordringar i ein periode, men me har jobba hardt overfor offshoremarknaden og ser no resultat av det. Det er ein positiv trend i kommunen, og det er kjekt å sjå at det skjer ting, seier Odd Åge Helvik. Det blir nok ikkje aktuelt å tilsetja fleire i Eide Marine Tech, men selskapet reknar med å nytta underleverandørar både lokalt og i utlandet, samt å leiga inn ekstra arbeidskraft.
– Det er absolutt truleg at ein vil merka aktiviteten i kommunen, seier Helvik som legg til:
– Det er ei glede for oss å få denne type meldingar. Her er det berre til å stå på vidare, ytrar han.
Nor Water er eit vassbehandlingsanlegg basert på omvendt osmoseteknologi som gjer saltvatn om til ferskvatn. Produktet er utvikla og produsert i Kvinnherad. Ferskvatnet som blir produsert kan bli nytta til både drikkevatn og teknisk vatn.