...
FONNA: Åtte gamle ferdselsruter frå fjord til fonn skal oppdaterast gjennom prosjektet «Vandring frå fjord til fonn». (Arkivfoto).

Fire mill. til nasjonalparkprosjekt

«Vandring frå fjord til fonn» er tatt opp i Direktoratet for naturforvaltning sitt verdiskapingsprogram.

Jonn Karl Sætre E-post
Publisert 25.06.2010 kl 12:05 Oppdatert 25.06.2010 kl 12:05

Tips ein venn på e-post:


Det er Folgefonna Nasjonalpark som på vegner av fem kommunar står bak søknaden. Prosjektet går frå 2010 til 2013 og har ei kostnadsramme på vel åtte millionar kroner. Reknestykket og heile prosjektet er basert på eit tilskot frå DN på 4,1 mill. kroner. Kommunane Odda, Ullensvang, Jondal, Etne og Kvinnherad skal til saman yta vel tre millionar kroner. Det er elles budsjettert med 700.000 kroner frå andre offentlege instansar og 300.000 kroner frå SKL.

– Det er ei positiv overrasking at vi no er komne med i verdiskapingsprogrammet, kommenterer Svein Opdal som har handtert søknaden for Folgefonna Nasjonalparksenter.

Kort fortalt går prosjektet ut på å oppdatera åtte gamle ferdselsruter og turiststiar frå fjord til fonn rundt Folgefonnhalvøya. Søkjelyset skal setjast på å gjera naturverdiar innan geologi, fauna, flora og kulturminne lettare tilgjengeleg. Heilt handfast vil det skje ved å skilta, laga til rasteplassar, parkeringsplassar og utsiktspunkt, og dessutan sikra stiar, bruer og anna.

Les meir i papiravisa fredag.

Mest lese no

Gratis nettavis

...

Nyhende www.kvinnheringen.no: Grunna tekniske vanskar med nettavisa vår vil det vera gratis å lesa avisa på nett i helga.

Les meir

...

Samband i det blå

Nyhende www.kvinnheringen.no: Eit Fjelbergsamband ser framleis ut til å liggja langt fram i tid. Les meir

...

60 nye plassar

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kommunestyret vedtok i går samrøystes å gå vidare med planane om å byggja 60 nye institusjonsplassar i Rosendal. Les meir

...

Ikkje hardt skadd

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kvinna som køyrde av vegen ved Eidsvik skipsbyggjeri torsdag ettermiddag fekk ingen alvorlege skader. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.