www.kvinnheringen.no: Produksjonsfeil på limtredragarane synest å vera årsaka til at taket over symjehallen på Hatlestrand skule fall ned 7. mars i år. Det er konklusjonen i ein førebels rapport frå SINTEF
SINTEF har undersøkt bjelkane og funne svekkingar innanfor dei mest belasta delane av bjelkane. Årsaka til at dei brotna er kombinasjonen av uheldige skøytar i to og tre av dei nedste lamellane av bjelkane. Dessutan er det liten horisontal avstand mellom skøytane i nokre av lamellane.
Slike brot skal ikkje førekoma når skøytane er utførde i samsvar med krava. Liknande feil har ein funne ved laboratorieprøvar av to bjelkar som ikkje kollapsa.
Det går og fram av rapporten at bygget og taket er dimensjonert etter krava til bereevne og tryggleik som galdt då symjehallen vart prosjektert i 1972. Snølasta på taket skulle ikkje ha ført til samanbrot.
Rapporten anslår at snølasta var mellom 35 og 50% av den vekta taket skulle tola før det ville kollapsa, dersom bjelkane var produserte og monterte etter forskriftene. Snøvekta på taket skulle ikkje på nokon måte føra til at taket braut saman, konkluderer SINTEF.
Kontroll
Sidan det er funne alvorlege feil i limtredragarane, rår SINTEF til at kommunen tek ein visuell kontroll av resten av taket i bygget. Verksemdsleiar Magne Øyre seier at kommunen òg vil kontrollera taket på andre bygg med limtrekonstruksjonar som er produserte i same perioden.
– Vi er svært tilfreds med at årsaka til kollapsen av taket på skulen på Hatlestrand så langt råd er avdekt, seier Magne Øyre. Utan denne kunnskapen hadde vi ikkje hatt grunnlag for å stilla spørsmål ved tryggleiken i andre bygg.
Men når det ikkje er snø på taka, er det ingen fare for samanbrot ved andre bygg. Tilstanden på tak med limtrekonstruksjon frå same perioden skal undersøkjast før det kan reknast med snøfall.
Til all lukke fall taket ned då det ikkje var folk på skulen, og ingen vart skadde i den dramatiske hendinga. Det var om lag ein halv meter snø på taket.