Dømt for forsikringssvindel

www.kvinnheringen.no: Den 37 år gamle kvinna melde tjuveri av diverse gjenstandar, fekk utbetalt forsikringa, men er no dømd for forsikringssvindel.

Arne Lindeflaten E-post
Publisert 09.07.2010 kl 08:37 Oppdatert 09.07.2010 kl 08:37

Tips ein venn på e-post:


Med nokre månaders mellomrom troppa kvinna opp på Kvinnherad Lensmannskontor og melde tjuveri av fotoapparat, iPod Touch, bukse og iPhone. Ho fekk utbetalt erstatning for gjenstandane frå forsikringsselskapet sitt. Forsikringsselskapet sette i verk privat etterforsking av kvinna, og avslørte at dei påståtte tjuveria aldri hadde skjedd.

Sunnhordland tingrett har dømt 37-åringen til 45 timar med samfunnsstraff. I tillegg må ho betala Sparebanken 1 Skadeforsikring AS 13.978 kroner i erstatning og kostnader for privat etterforsking og utbetalt erstatning.

Utgangspunktet i slike saker er fengselsstraff, men kvinna tilstod det straffbare tilhøvet, og det er her tale om relativt små summar, meiner retten.

Kvinna er aldri tidlegare bøtelagt eller straffa.

Mest lese no

...

Kjendisfest i Baroniet

Kultur www.kvinnheringen.no: Kjendisparet Gunnar Greve Pettersen og Helene Ree vart smidde i hymens lenker i baroniet på laurdag. Les meir

...

Forfalska førarkort

Nyhende www.kvinnheringen.no: Under ein kontroll natt til søndag stoppa politiet ein førar som hadde forfalska førarkort. Les meir

...

Båtulukke

Nyhende www.kvinnheringen.no: Fleire personar hamna i sjøen i Uskedalen fredag kveld. Les meir

...

Frustrasjon blant bygdefolket

Nyhende www.kvinnheringen.no: Ein frustrasjon, bygd opp over tid, resulterte i eit godt besøkt folkemøte i Mauranger. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.