...
NÆRE PÅ: MF «Rosendal» køyrde rett i fjæresteinane ved kaien i Gjermundshamn. Foto: Bjørn Kjetil Hansen

Ferje køyrde på land

www.kvinnheringen.no: Tide-ferja MF «Rosendal» grunnstøytte i fjæresteinane ved kaien i Gjermundshamn i 21-tida måndags kveld.

Mona Grønningen E-post
Publisert 27.07.2010 kl 09:10 Oppdatert 27.07.2010 kl 09:28

Tips ein venn på e-post:


Årsaka til ulukka skal ha vore teknisk svikt i manøvreringssystemet, opplyser Torbjørm Havnerås, regionssjef i Tide Sjø AS. MF «Rosendal» går i strekninga Gjermundshamn-Varaldsøy-Årsnes, og måtte i går kveld ha hjelp av MF «Kvinnherad» for å trekkjast av grunnen.

Om bord var 16 passasjerar i tillegg til mannskapet på seks, og det er ikkje meld om personskadar eller skadar på bilar.

– Sjøfartsdirektoratet er varsla, og dykkarar skal i dag vurdera skadane. Det vil bli redusert kapasitet utover dagen, men vi må få vita omfanget av skadane før vi veit noko meir. MF «Jondal» er no sett inn i ruta i staden for MF «Rosendal», fortel Havnerås.

Mest lese no

Gratis nettavis

...

Nyhende www.kvinnheringen.no: Grunna tekniske vanskar med nettavisa vår vil det vera gratis å lesa avisa på nett i helga.

Les meir

...

Samband i det blå

Nyhende www.kvinnheringen.no: Eit Fjelbergsamband ser framleis ut til å liggja langt fram i tid. Les meir

...

Ikkje hardt skadd

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kvinna som køyrde av vegen ved Eidsvik skipsbyggjeri torsdag ettermiddag fekk ingen alvorlege skader. Les meir

...

60 nye plassar

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kommunestyret vedtok i går samrøystes å gå vidare med planane om å byggja 60 nye institusjonsplassar i Rosendal. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.