www.kvinnheringen.no: Det var to mindreårige ungdomar som hadde brote seg inn i toalettbygget i Steinparken i Rosendal.
Nye bilde | ||
Nye innlegg | ||
|
Mona Grønningen
E-post
|
|
| Publisert 30.07.2010 kl 11:04 Oppdatert 30.07.2010 kl 11:53 |
Politiet fekk torsdags morgon melding om skadeverk på toalettbygget i Steinparken i Rosendal. Etter å ha vore på staden fortel politiet at nokon har brote seg inn eit vindauge og øydelagt det, og også prøvd å bryta ope døra.
–Saka vert no mellom ungdomane, foreldra deira og Rosendalstiftinga som driv Steinparken, fortel politibetjent Are Uppheim til Kvinnheringen.
Øystein Skåla i Rosendalstiftinga fortel at dei vil koma til botnen i saka, men at han ikkje ser på hendinga som noko stort problem.
– To mindreårige ungdomar har teke seg inn i toalettet og overnatta der, men vi ser ikkje på det som noko stort problem. Ungdomane har måtta rydda opp etter seg og reparera skadane. Vi har berre hatt to til tre slike tilfelle gjennom desse fem-seks åra sidan Steinparken vart opna, og stort sett har vi eit positivt inntrykk og relasjonar til ungdomsmiljøet her. Det vi likevel ser er at Natteravnane har ei svært positiv innverknad på dette, og difor vonar vi å få på plass ordninga igjen slik at vi kan forsetta å ha gode relasjonar til ungdomsmiljøet, fortel Øystein Skåla.
Kalenderen fra Kvardag | ||
Web-TV De innesperrede gruvearbeiderne i Chile får nå mat og drikke.
Se video herKampstart om:
Nye kommentarar