www.kvinnheringen.no: Analysane av kjerneprøvane frå Storhidleren på Varaldsøy viser høge gullverdiar, men laget med gullhaldig malm er for tynt til at forekomsten er drivverdig.
Som kjent gjennomførte Norrbotten Exploration AB prøveboringar fleire stader på Varaldsøy i vår. I Storhidleren nær Øyerhamn fanst gullforekomstane som var mest interessante. Andre stader på øya handla det om andre metallforekomstar. Jakta på metall av ymse valørar kosta det svenske selskapet rundt to millionar kroner.
Like før sommarferien trekte prosjektleiar Peter Wulff ein førebels konklusjon. Den var negativ, men Wulff tok atterhald for nærare analysar av kjerneprøvane.
Nyleg var desse analysane klare. Og trass nokre positive overraskingar er vurderinga den same: Storhidleren sine gullforekomstar vert ikkje rekna som drivverdige.
– Berre eitt av dei fire borehola i Storhidleren trefte mineraliseringa som i det aktuelle holet er 30 centimeter tjukt. Gullinnhaldet i dette laget er rett nok 34 gram per tonn, noko som i dei fleste samanlikningar må reknast som høgt, forklarar Wulff i eit e-post-svar til Kvinnheringen.
For tida vert minimum 10 gram gull per tonn rekna som den magiske grensa for om gullutvinning kan vera lønsamt. Men det høge gullinnhaldet i Storhidleren hjelper ikkje mykje, sidan minerallaget ikkje går djupare nedover i berget.
– Konklusjonen er at Storhidleren inneheld ei rikhaldig gullåre, men den er for lita til at vi vil gå vidare med undersøkinga, skriv Wulff.
Les meir i Kvinnheringen si papirutgåve onsdag 4. august.