www.kvinnheringen.no: Litt etter klokka 17 vart ein motorsyklist skadd etter å ha køyrt i ein stolpe nær tunnelopninga i Podlen.
Motorsyklisten hadde nettopp køyrt gjennom rundkøyringa og var på veg ned mot tunnelopninga då han køyrde av vegen og i ein stolpe. Føraren fekk brotskader og vart sendt til sjukehus, men skal ifølgje politiet ikkje vera livstruande skada.