www.kvinnheringen.no: Søket etter sakna personar ved Sætersneset på Halsnøy er avslutta.
Det var ved midnatt laurdag at Hovudredningssentralen for Sør-Norge fekk melding om at ein hurtiggåande båt med to personar om bord hadde køyrt på land ved Sætersneset på Halsnøy. Sea King-helikopter, ambulansebåt og redningsskøyta vart straks sette inn i redningsaksjonen. Etter kort tid vart båtføraren funnen lett skada på land like ved båten. Han forklarte at han var åleine om bord i båten, og dermed vart aksjonen avslutta alt kl 0116.
– Det er mistanke om promille og såleis grunn til å gå gjennom forklaringa frå båtføraren på nytt. Vi vil forsikra oss om at han verkeleg var åleine, opplyser Andreas Bull ved Hovudredningssentralen.