Yachten «Le Grand Bleu», som med ei lengd på 134 meter er ein av dei største i verda, var måndagsføremiddagen på ein aldri så liten snarvisitt i Kvinnherad.
Det flotte skipet kom sigande inn Storsund, var som snarast innom Skålavika i Rosendal, før det sette kursen vidare innover den svartstille Hardangerfjorden til ukjent destinasjon.
Kven som er om bord på dette cruiset er uvisst, men eigar er den russiske oljemagnaten Eugene Shvidler. Skipet vart bygd for den amerikanske forretningsmannen John Mc Caw jr. i 2000, men han selde det vidare til Chelsea-eigar Roman Abramovich i 2002, då det og var på vitjing i Rosendal. I 2006 gav Abramovich skipet i gåve til noverande eigar, visstnok som takk for hjelpa han fekk i samband med kjøpet av fotballklubben Chelsea.