www.kvinnheringen.no: Ein person skal ha blitt alvorleg truga av tre andre personar på Husnes i går ettermiddag.
Politiet fekk melding om at ein person skal ha fått alvorlege trugslar mot seg, og hamna i basketak med tre andre personar. Dei tre personane vart arrestert og det vil bli oppretta fleire saker og meldingar mot dei, blant anna for lekamsfornærming og for misbruk av narkotiske stoff. Lensmann Jan L. Fosse fortel at dei tre er kjenningar av politiet.