...
Kor er Halsnøy? Dei store skilta i Podlen er ikkje mykje til hjelp for dei som leitar etter Halsnøy. Foto: Jonn Karl Sætre

Halsnøy-skilt før årsskiftet

www.kvinnheringen.no: Statens vegvesen lovar ny skilting av Halsnøy-sambandet på fastlandssida før årsskiftet.

Jonn Karl Sætre E-post
Publisert 10.09.2010 kl 12:00 Oppdatert 10.09.2010 kl 12:24

Tips ein venn på e-post:


Alle gode ting er tre, heiter det. I Kvinnheringen sitt arkiv finn me fleire fine lovnader om ny skilting, men det er framleis dei same skilta som står både på Reset, Opsanger og i Podlen.

? Våren 2009 lova vegvesenet ny skilting innan sommaren same året.

? Våren 2010 håpa vegvesenet at nye skilt skulle vera på plass før Sunnhordland folkehøgskule sin skulestart.

Men også i haust fekk folkehøgskulen bruk for dei heimelaga skilta sine som viste veg til Halsnøy i eit par dagar.

Overingeniør i Statens vegvesen, Heming Lunestad, forstår at einskilde byrjar å bli utolmodige.

– Skiltplanen og endringane er no klare og vi skal senda skilta i bestilling så snart råd er. Då er det leveringstid og montering som står att, seier Lunestad.

Han fortel at dei nye skilta vil fortelja om Halsnøy og Stord i staden for Ranavik og Skjersholmane.

– Kan du seia noko om kva tid skilta kjem opp?

– Nei, nokon dato kan eg ikkje koma med.

– Men blir det i løpet av året?

– Ja, no må vi få dette ut av verda. Eg forstår at folk byrjar å bli utolmodige.

Mest lese no

...

Satsing på lokal mat

Kultur www.kvinnheringen.no: Innovasjon Norge og Fylkesmannen vil løfta fram 2012 som satsingsår for lokal mat, og mobilsere til utviklingsarbeid. Les meir

...

Ustabilt ferjesamband

Nyhende www.kvinnheringen.no: I løpet av dei siste ni dagane i januar og den første i februar tikka det inn 13 meldingar om driftsproblem i ferjesambandet Ranavik–Skjersholmane. Les meir

...

Enda på 10. plass

Sport www.kvinnheringen.no: Trio sine volleyballdamer i første divisjon hamna på ein 10. plass i rankingturneringa i Bergen i helga. Les meir

...

Kunstnarleg festivalopning

Kultur www.kvinnheringen.no: Torsdag 16. februar opnar kunstnar Sigrid Øyrehagen Kvinnherad kulturfestival med salsutstilling i Undarheim gard. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.