www.kvinnheringen.no: Med ordføraren si dobbeltrøyst sa formannskapet nei til at Halsnøy Samfunnshus får utvida skjenkjetida, slik dei har søkt om.
Blant dei som røysta for søknaden, var fleire imot skjenking lenger utover natta, men sa likevel ja av omsyn til likebehandling med andre søkjarar.
Nok ein gong er det vedtaket om å lengja skjenkjetida ved restauranten To Søstre som vart til rusk i programmet.
Knut Prestnes (Sp) fann ingen grunn til at ein tabbe skulle medføra at det skal gjerast same feilen ein gong til. Det var ordførar Synnøve Solbakken (Ap) samd i, ho har heile vegen røysta imot å utvida skjenkjetida. Otto Benjaminson (KrF) og Øyvind Hardeland (Ap) røysta òg imot å utvida løyvet.
Synnøve Handeland (V), Bjarne Berge (TS) og Elisabeth Eide Taraldsen (FrP) la derimot avgjerande vekt på at like tilfelle må behandlast likt og røysta for, saman med Gunn Mari Moberg (H).