www.kvinnheringen.no: Kvinnherad kommune bidreg med sju millionar kroner og gratis tomt til det nye Folgefonnsenteret i Rosendal.
Eit samrøystes formannskap vedtok sist veke å løyva sju millionar kroner til
finansiering av Folgefonnsenteret. I tillegg stiller kommunen tomta mellom
nasjonalparksenteret/turistinformasjonen og skipsbyggingsmuseet til gratis
rådvelde. Dette er eit prosjekt som har full oppslutnad hos alle partia i
formannskapet.
Formannskapet gav Knut Førland stor ros for det arbeidet som var lagt ned, for
at prosjektet var blitt slik det ligg føre no.
– Etter at Knut Førland tok tak i dette er det kome inn realisme innhaldet.
Eg gler meg til det vidare arbeidet, og håpar vi kan få eit samla kommunestyre
til å gå inn for dette. Då viser vi utad at det er eit samla Kvinnherad som
står bak dette, det er viktig for at vi kan få trekt til oss interessante
aktørar i prosjektet, sa Knut Prestnes (Sp).
– Dette er eit fabelaktig prosjekt, rosa Otto Benjaminson (KrF).
Han var glad for at nokon hadde vore standhaftige nok til å halde fram
arbeidet med Folgefonnsenteret, sjølv om dei i ein periode møtte litt
motgang.
Formannskapet ber om at Bjerknessenteret, Havforskningsinstituttet og Folgefonna nasjonalparksenter tek på seg leiarrolla i arbeidet med å utforma utstillingsdelen og det faglege innhaldet i Folgefonnsenteret.